VARDEVERS – spøk og alvor frå fjelltoppen

– ein blogg om varsling av norsk framtid

Archive for april 2008

Oljeregjereri

Posted by Admin den april 29, 2008

         Denne dukka første gong opp i ein blogg hausten 2006:

   Norge har att 10.000 mill. oljefat
   og hentar nå opp 2,4 mill. dagleg (2006).
   Kven styrer denne prosessen?
   Og kvar fører den?

Lurer du på kven som regjerer vårt land,
pengar, fakta, eller kollektiv forstand?
Lurer du på kva vår framtid vil gje,
manna, middels eller borkebrød?


Jens den første, demoklokratiets konge.
med halv majoritet og veltrena tunge.
Han styrer vår velferd mellom val og vet,
så lenge vår olje gjev oss nok å et’.


Det vert meldt om feber i Goliatland,
der finn dei olje under havbotnens sand.
Men ta det med ro, Dr. Bjørnøy og Co,
it will last hundred days om den tappes som no.

 

 S-råd for bønder og ferskmatimport,
Terje blant vener, må snart tenkje fort.
For når oljen tek slutt, går Valtra’n i stå.
Og framtidas matmil vert korte og få.


Erik, vår snille, globale nisse,
vil alltid på U-hjelpas mål måtte misse.
For Eriken skulka ein time matte
og vinn ei Lex Malthus riktig å fatte.
(Munnar vert dubla med jamn sekvens,
medan oljekaka har krympetendens.)


Signe ho Liv frå vårt fjordrike fylke
S-råd for folk som vil fly og flytte.
Ho smiler mot miken, men finn aldri ut,
how go to Tromsø når dieseln tek slutt.


Kristin kollosale kronetal kasserer,
snart pensjonsfondet pipa passerer.
Pengeministeren sin siste akk,
kom då verdensbørsen som bobla sprakk.

 

Statsråd og guru for sjel og kropp,
med fritidsmilliardar stiller opp.
Skal tru Trond tenkjer på kulturens kår,
når pungen vert tom frå haust til vår.


Oddemann Roger produserer som vill,
for gode kundar han vil vere snill.
Og når oljen om tjue år tek slutt,
blir han kriseminister, den gode gut.


Vår kommunedronning fekk valets hell,
no bergar ho åkrar, fjord og fjell.
Når oljekrana ein dag sluttar drype,
blir Aslaug regjeringas jostedalsrype.


I Bjarne Håkons første styreår
kvar nordmann femten nye naboar får.
Når oljeprisen til månering stig,
i flokkar dei til inkludering sig.


For Dag Terje er turistar snille,
som av natursyn skapar verdiar ville.
Derfor bør han fikse fabrikkar fort,
for postpetroleum til turisttransport.


Øystein, minister for vet og yrke,
baking av levebrød er ei din styrke.
Før olja er oppbrukt, bort’ og gått,
må du lær’ ongan å berg’ se’. Fort! Forstått?


Wonderboy Jonas, skarp som ei egg,
vil redde Norge frå vegg til vegg.
Men UD-komputeren kan gå i spinn,
når han ordet “oilless” i input finn.


Defensdama AG har med fly fått to kval.
Først om SV eller SD skal på flyet få val.
Den andre vil gje dei blågulraudgrøne grunn til å spy:
I 2030 treng vi traktor, ei fly.


Tru ikkje Dagfinn, Erna, Lars eller Siv,
kan betre oss sikre eit bensinfritt liv.
Dei vil dingle i same kortsynte grep,
frå marked og pengar, frå deg og meg.

Sårbarhets-Kåre på veggen kom,
men på økologi var økonomen tom.
Derfor missa han sin sjanse stor,
til å åtvare Norge mot tome bord.


Avisa vender ikkje kvar stein og brønn,
for børsen gjev aldri Cassandra løn.
Derfor snur den seg glatt frå fakta bort,
og skriv – Enorme mengder forventes opp.


Vår siste von låg hos akademia,
med forskning så fri i tankesmia.
Styrd av ideologi og pengekrav
vart “oilless thinking” aldri fag.


Loslaus susar Tellus rundt i ringen,
mange stig på, men av stig ingen.
Vår lagnad blir best om vi gjer som Noah,
og byggjer ein båt i venting på floa.

 Etnisk vestlending 2006

 

 

 

 

 

 

Posted in Uncategorized | Merkt: | Leave a Comment »

Når oljen tek slutt

Posted by Admin den april 20, 2008

Når oljen tek slutt, renn bensintanken tom.

Då må vi gå heim eller bli der vi kom.

 

Når oljen tek slutt, vil alle fly lande.

Og skip flyte fritt, dei fleste vil strande.

 

Når oljen tek slutt, vert asfalten stille.

For bussar og vogntog på straum kan ei trille.

 

Når oljen  tek slutt, sviktar YARA på jorda.

Då krympar vår avling, og gjev mindre på borda.

 

Når oljen tek slutt, får Adam Smith fyken.

Og Handa vert nummen, og blåmenn får stryken.

 

Når oljen tek slutt, dømer Darwin på banen.

Lex Natur lyder lova, BESTE VINN står på fanen.

 

Når oljen tek slutt, kjem Malthus til syne.

Han plantar sin neve i U-hjelpas tryne.

 

Når oljen tek slutt, stryk Vårherre i matte.

Potensen til galne geni vann han aldri å fatte.

 

Når oljen tek slutt, vert det uår på skatt.

Då vil kemner og fut sitje tomhendte att.

 

Når oljen tek slutt, går gevinsten i dass.

Og når aksjane stuper, vert vårt O-fond til gass.

 

Når oljen tek slutt, treng kvart folk sin mat.

Og når skuggeland svinn, får vi Godt Norsk på fat.

 

Når oljen tek slutt, lyt vi eige land dyrke.

Og bjørnen og ulven får i Sverig’ sitt yrke.

 

Når oljen tek slutt, taper lovene makt.

Humanismen døyr, liberalismen går tapt.

 

Når oljen tek slutt, vert det snart rasjonering.

Og når det ikkje rekk, vedtek Stat konfiskering.

 

Når oljen tek slutt, blir det byen mot bygda.

Den siste styrer maten, den første styrer trygda.

 

Når oljen tek slutt, blir det arbeid og dygder.

som må berg» Ola Nordmann, utan traktor og trygder.

 

Når oljen tek slutt, ligg styrken i klanen.

Og stammen vert livbåt, det er postpetro-planen.

                   Truls

Posted in Uncategorized | Merkt: | Leave a Comment »

Det er gått opp for noen

Posted by Admin den april 15, 2008

Det er gått opp for noen

mellom vogge og grav,

at billett hjelper lite

når et tog sporer av.

 

Det er gått opp for noen

mellom toppen og bunnen,

at vi tyner en almenning,

hvor barna eier grunnen.

 

Det er gått opp for noen

mellom Nordkapp og Lista

at oljen dør barnløs

med slåssing rundt kista.

 

Det er gått opp for noen

mellom brus og salat,

at når Nordsjøen tørker

får vi oljefri mat.

 

Det er gått opp for noen

mellom  enger og hager,

at  mat uten olje

blir kostbar og mager.

 

Det er gått opp for noen

mellom dåpen og døden,

at Malthus dro i Norge

mens han regnet på føden.

 

Det er gått opp for noen

mellom starten og stopp,

at det svikter med halvmåls

når konkurransen er topp.

 

Det er gått opp for noen

mellom nyttår og jul,

at vårt klima kan kippe,

og mange mangler skjul.

 

Det er gått opp for noen

mellom vidde og park,

at når krybba er tom,

blir det biting og spark.

 

Det er gått opp for noen

mellom voksen i øra,

at etniske kamper

er noe folk dør av.

 

Det er gått opp for noen

mellom fjorden og fjellet,

at systemet er sårbart,

og at Liebigs-lov gjelder.

 

Det er gått opp for noen

mellom netter og dager,

at det mangler et techfix

for mannskapte plager.

 

Det er gått opp for noen

mellom barken og veden,

at verden er sårbar

ved slutten av freden.

 

Det er gått opp for noen

mellom tråbil og traktor,

at byen står dårlig

når norsk mat blir faktor.

 

Det er gått opp for noen

mellom Hansen og Jensen,

at Norge har mange

som vil inn over grensen,

 

Det er gått opp for noen

mellom skyer og elv,

at dårer bør  gis lov

til å berge seg selv.

 

Det er gått opp for noen

mellom slottet og gammen,

at ego vil tape

mot vi-folk fra stammen.

 

Det er gått opp for noen

mellom solstikk og rim,

at patrioter er gode,

de er samfunnets lim.

 

Det er gått opp for noen

mellom tynner og lim,

at Kassandra ble tynet

om dette manglet rim.

 

Det er gått opp for noen

mellom tjue og nitti,

at verden rundt om oss

kan gjøre vanvittig.

 

Faktapoeten

 

PS

Det er gått opp for noen

som tror jorden er rik,

at nøden og sulten

skyldes sløsing og svik.

 

 

Posted in Uncategorized | Merkt: | Leave a Comment »

Varde

Posted by Admin den april 14, 2008

 Det høyrdest ved natt eit dunder på dør.
Og husbonden vaknar, spring fram og spør:
«Kva er det som skjer?»  «Jau, no må de ut!
for varden lyser på høgenut!»
Og kvar mann visste i same ande,
at no var det kome ufred til lande.

Og mennerne hærklæder på seg tok,
og skjold og øks dei lyfte frå krok,
dei hekta i belte sit gode sværd,
treiv spjut og boge og skunda til ferd.
For kom der dei, ville Noreg herja
so fannst der og dei som ville det verja.

Og alt som varde frå varde vart tend,
dei sanka seg saman frå grend til grend.
Og fylkingen bygdest, og veg han fann,
der fyre gjekk høvding og merkesmann.
Og ufreds-karen fekk jamnan smaka,
kva det hev på seg, at varder vaka.

Og gjev det aldri må verta sagt,
at landet ligg utan vardevakt.
Og logar ’kje varden på tind og nut,
han logar i hjarta hjå Noregs gut.
Ja, brenn, du varde, du signade, klåre,
bjartare, høgre fyr kvart eit åre! 
         Per Sivle 1894

 

 

 

 

Posted in Uncategorized | Merkt: , | Leave a Comment »

2x2x2x2….

Posted by Admin den april 13, 2008

(Adam + Eva) x 2 = 4.

Biomattens start er til å flire.

 

Jesus gikk rundt blant 100 millioner,

halvparten menn og resten koner.

 

Vikingen levde blant dobbelt så mange,

koner og friller fødte flere for landet.

 

Den svarte daude dunket hakk i kurven,

men snart var det atter en dobling av hurven.

 

Smalhans gir avl, for selv barn kan ta i.

Million 800 kom før vår 17. mai

 

100 år seinere var vi 1,6

milliarder mennesker, takket Darwins lex.

 

Før Brå brakk staven var vi 3,2,

et roterende romskip uten skipper og los.

 

I 2-0-0-4 ble vi 6,4,

en milepel uten grunn til å flire.

 

Slik vil det gå til Jord1 blir stengt.

Sytti år derpå vil Jord2 være sprengt.

 

For ingen får menneskets mål opphevet.

Trangen til vekst er i genene skrevet.

 

Så langt togang og livsaritmetikk.

Den krever av Norge en ny politikk.

 

Men tallveike tingmenn har vondt for å fatte,

Almenningens tragedie og eksponentiell matte.

 

Reiel

 

Posted in Uncategorized | Leave a Comment »

Talfesting

Posted by Admin den april 12, 2008

Når du måler

det du snakkar om

og set tal på det,

veit du litt om saka.

 

Når du ikkje kan talfeste

det du snakkar om,

er kunnskapen mager

og utilfredsstillande.

 

Lord Kelvin

 

 

 

Posted in Uncategorized | Merkt: , | Leave a Comment »