VARDEVERS – spøk og alvor frå fjelltoppen

– ein blogg om varsling av norsk framtid

Archive for oktober 2011

Når 6 millioner nordmenn står oljeløse

Posted by Admin den oktober 14, 2011

Jeg venter spent på dommens dag,
Om kun 227man var blitt gal,
Eller litt medskyld kom for dag
Fra vår kjære stortingssal.
Trosty

Posted in Uncategorized | Merkt: , | Leave a Comment »

Dialektdikt for mine borneborn

Posted by Admin den oktober 12, 2011

I
Min oldefar streva i skrede og svor,
på bortgøymde plassar for ein sau fann han fôr.

Han besten han kvetja sin honndalsljå,
langs vegar og utmark han støtt måtte slå.

Han far fylte hesjer med hesten som dreng,
og poteter og kålrot kom i veksel med eng.

Gut meg knytte lauvkjerv langs skogen i fleng,
for det vart og sau’fôr og sauen ga peng’.

Slik nytta vi sommarn i kampen for føda,
det kravde støtt svette å hente fram grøda.

II
Men så kom slavane sigande hit,
med motor og tank, til hjelp i vårt slit.

Den største var traktoren, raudleitt og gild,
av kløkt og av olje ga den høve til kvild.

Min slave nr. 1 slo enger og hagar,
Og ga øyresus som enno meg plagar.

Bonden vart konge av fire ratt,
og fiskaren fangsta så olja skvatt.

Og utkanten flytta frå bygda til by’n,
for maten kom etter, frå Stange og Stryn.

Nyslavane dura langs alle vegar,
og fritida vaks, etter syden folk streva.

Det vart kortar’ og kortar’ mellom svette og fryse,
av den hardbalne viking vart ei trygdekåt pyse.

Medan alle i fortid måtte ta i eit tak,
fekk stønad og trygd plassert mange på bak.

Medan sommaren før var arbeid og slit,
skapte oljen festivalar, reis hit og dit.

Og kulturen vart vekstgrein for alle, må vite,
for ein åndsarbeidar treng sjeldan å slite.

Og Bygde-Norge på turistar vart rikt,
og maten kom langreist og bønder skreiv dikt

III
Men så kom det fagfolk fra starten vel visste:
at oljen vart eingongs, ein skatt i ei kiste.

Og oljen den døydde, barnlaus og grå,
I krisa fekk oljefondet bein til å gå.

Då stilna dei mange oljeslavar, vogntog sto fast,
byfolk vart matlens, ga seg bygda i kast.

Men bygda var endra av multikultur,
med hytter og spel mellom tome stabbur.

Over alt fann ein keisarens nye ATV
og innmarka tilplanta med juletre.

IV
Slik enda i sorg det sjølberga riket,
Med folkedårskap som opphav til sviket.

Om kunnskap var stor, var det lite med vet,
våre små skal minst lær’ å dyrke potet.

Med helsing frå bestefar gratispoet.

Posted in Uncategorized | Merkt: , | Leave a Comment »

Kunnskap skal styra

Posted by Admin den oktober 8, 2011

Kunnskap skal styra rike og land,
og yrke skal båten bera,
men ingen må vera ein styresmann,
som tru etter bok må vera.

Vår jord skal odlast og dyrkast på
av sterke og harde hender,
so borna kan føda og klæde få
og veksa med kvasse tenner.

Vår æra må liggja i ærleg strev,
og ikkje i avgudars tempel,
og den som av verk fekk sitt adelsbrev,
han treng ikkje kongens stempel.
Fritt etter Aa O Vinje

Posted in Uncategorized | Merkt: , | Leave a Comment »